Garder og ætter i Fjell
XXVI

Norvald Austarheim -1978 -



1) Ole Nilsen Tellnes.

Påsketider 1856 kom ungkaren Ole Nilsen, alder 26 år, til Fjell for å styra ein gard på Tellnes.Ole var eldste sonen til klokkar Nils Nilsen Gard på Tellnes, fortel kyrkjeboka. Nils åtte framleis ættegarden bruk nr. l0 på Tellnes, og sonen Ole, skulle styra eller bygsla garden.

Ole Nilsen, klokkar-Ole. som grannane kalla han, henta kona frå Torsnes i Hardanger. Ho var dotter til Jan Olsen Lindbom som budde i garden Skipparvik, Torsnes i Jondal kommune. Den 14. juni 1859 heldt klokkaren i Sund dobbeltbryllaup for 2 av borna.

a) Ole Nilsen vart gift med den 25 år gamle Sara Jansdtr. Skipparvik.

b) Anna Nilsdtr.23 år, gifte seg med den jamgamle Hans Nilsen Møvik. Han var son til Nils Andersen og Ingeborg Hansdtr. Møvik, Hans Nilsen Møvik blei seinare ein kjend lærar i Fjell kommune.

Ole Nilsen og Sara Jansdtr. busette seg på Tellnes, og bygsla ættegarden,.Våren 1860 kom Marta Jansdtr. Skipparvik til Tellnes. Ho var søster til Sara og skulle vera tenestjente hos søstera og svogeren. Marta var 5 år eldre enn Sara. Ho kom til å bu på Tellnes og døydde ugift i 19o6.

Ole og Sara fekk borna:
a) Jan Nikolai f.186o
b) Gjertrud Elisabeth f.1862
c) Laura Sofie f.1864
d) Nils Olai f.1866

Ole Nilsen blei ingen gammal mann. Litt før jula 1866 døydde han og vart gravlagd litle-julafta. Sara Jansdtr. sat då att med 4 små born. Minstebarnet var berre nokre månader då faren døydde.

Det vart uråd for Sara å driva garden saman med søstera Marta. Svigerfaren, Nils Nilsen Tellnes, bygsla då eigedomen til Ole Rasmussen Ulveset, men tok unna kår til enkja Sara Jansdtr for levetida hennar. Bygsle og kårbrevet blei tinglese 9. mai 1867. I 1893 kjøpte Ole Rasmussen bruk nr.10 Garden, på Tellnes, og ei ny ætt busette seg der.

Men lenge før, i 1872, gifte Sara Jansdtr. seg for 2. gong med enkjemannen, grannen og søskenbarnet til første mannen hennar Hans Mikkelsen Tellnes.


2) Hans Mikkelsen Tellnes.

Hans, den eldste av borna til Mikkel Nilsen blei født i 1822. Han gifte seg 1. gong i 1848 m/ Gyri Pedersdtr., dotter til Peder Olsen Glesnes. Hans og Gyri budde på Glesnes og leigde eit hus der dei første 3 åra. Dei fekk i 1849 dottera,
Anna. I 1851 kjøpte Hans Mikkelsen bruk. nr 6, Bøsgarden. på Tellnes av enkja Marta Torkelsdtr. Det høver her å fortelja litt om, dei førre eigarane av dette gardsbruket. Erik Larsen (1789-1837) var siste leiglendingen på bruk nr.5 Tellnes. Sonen Lars Eriksen (1817-1850) fekk i 1837 kongeskøyte på eigedomen. I 1843 bygsla Lars halve bruket til broren Matias.

Ved delinga blei det fastsett at den halve garden Matias
Eriksen bygsla, skulle verta bruk nr. 5 (halve Hagen) og den halvparten Lars Eriksen tok. bruk nr. 6 (Bøsgarden). Lars Eriksen gifte seg i 1838 m/søskenbarnet Marta Torkelsdtr. Langøy. Dei fekk borna:
a) Anna f. 1840 d.s.å
b) Guri f. 1842 d.s.å.
c) Larsine Annania f. 185o

Lars Eriksen drukna i Skogsvågen 7, oktober 185o, og vart ikkje
attfunnen. Marta sat igjen med eit lite barn og stor skuld på eigedomen. Ho måtte selja garden.

Hausten 1851 kjøpte Hans Mikkelsen. heile eigedommen (bruk nr. 5 & 6) for 130 spd. + kår til enkja Marta Torkelsdtr. Hans Mikkelsen måtte låna heile kjøpesummen, og fekk utan tvil Økonomiske vanskar. Den 2. oktober 1858 selde Hans Mikkelsen garden til Kaptein Eiler Hagerup Fritzner (ein slektning til prost Greve i Sund) for 150 spd, og fekk bygslebrev på bruk nr. 6 I samsvar med bygslebrevet måtte Hans Mikkelsen gi kår til Marta Torkelsdtr. og ellers betala dei faste jordavgiftene.

Kaptein Hagerup Fritzner testamenterte i 1865 bruk nr. 5 & 6 på Tellnes til frk Pauline Greve, dotter til prost Johan Fritzner Greve i Sund. Då kaptein Eiler Hagerup Fritzner døydde i 1871, arva Pauline Greve eigedomen han let etter seg på Tellnes.

Hans Mikkelsen Tellnes vart såleis leiglendingen hennar Pauline
Greve. Første kona, Gyri Pedersdtr. døydde i 1868, og gifte seg
5 år seinare for 2. gong med granne-enkja Sara Jansdtr.

Ved manntalet 1875 var det i alt 6 personar i huslyden til Hans og Sara. Dei fødde 3 kyr, 1 ungdyr og 8 sauer. Utsed: 1 1/2 t. havre,
og 4 t, poteter.

I 1877 fekk Hans og Sara dottera Gjøri Olina. Ho blei gift m/ Andreas Ingebrigtsen Knappskog og flytte dit. Alle borna Sara Jansdtr. hadde i 1. ekteskapet reiste frå Fjell. Ein kan nemne at dottera, Laura Sofie vart gift til Forland i Sund.

Mikkel Mikkelsen Lokøy, brorson til Hans Mikkelsen, kjøpte i 1892 bruk nr.6 på Tellnes av frk. Pauline Greve for kr. 780,- + kår til Marta Torkelsdtr. På skøytet førte dei det tillegget at når Marta Torkelsdtr, døydde, skulle bygselmann hadde vore, Hans Mikkelsen og kona Sara få kåret etter henne så lenge dei levde. Marta Torkelsdtr. døydde hos dotter si i Brattenberg 1899. Hans Mikkelsen og Sara Jansdtr. overtok då kåret etter henne. Marta Jansdtr. søster til Sara, fekk overta Sara sitt kår på bruk nr. 10 Garden.

Hans Mikkelsen døydde i desember 1908, og Sara Jansdtr. i februar 1910.