Ei
velkjent Tellnes-ætt har etter beste evna førebudt
denne ættarstemna. Me vonar det såleis går
at alle stemnefolka hyggje og glede får. Til kvar einskild
me seia vil: Hjerteleg vekomen hertil.
I
slikt eit høve, me først lyt våga å
minnest garden og etta si soga. Ho fortel om arbeid og slit,
sorg og glede, motgang, medgang, ukuelig mot, fremdrift og tiltak,
så ein trygt kan la ordet falle: Imponert er me alle.
Bruk
Nr. 7 & 8 på Tellnes er ættargarden som har
gått i arv til sones fra faren. Der har etta streva gjennom
150 år, på land og sjø, i skiftande kår.
Trine
og Lars frå Morland flytte, br. Nr. 7 på Tellnes
dei kjøpte. Etter ei tid, sonen Knut, seg gifte med Johanna
Engelsdtr. Lie. Johanna kom til Tellnes ganske ung. Den første
tida fall henne svært tung.
I
1849 tok koleraen 3 born og mannen Knut. Att sat Johanna med
døtrene Ingeborg og Kari, svigerfaren Lars, kårkona
Barbro, og fekk mang ei sut. Det var i mars katastrofen hende.
For heile ætta det vart eit tidarvende.
Korleis
skulle det så med garden gå? Utan mannfolkhjelp
ville alt gå i stå. På br. Nr. 7 det såleis
gjekk, dei Jakob Andersen Møvik til tjenestekar fekk.
Jacob, det var ein grepa kar. Han og Johanna vart ektepar.
Jacob
og Johanna dei heimen vidare bygde og seg saman hygde. Ettersom
tida gjekk, dei borna Kristi og Anders fekk. Jacob Andersen
streva mest med vann. Eit uhell det var at stovehuset brann,
men Jacob bygde nytt hus og sette alt i stand.
Ingeborg
arva garden etter farfaren, Lars. Av di ho sat med eiga, Jacob
og Johanna måtte av henne gardsbruket leiga. Då
Ingeborg Knutsdtr. seg med Vilhelm Velaksen Neset gifte, dei
to huslydane garden i to like deler br. nr. 7 & 8 skifte.
Semja såleis vart Vilhelm åtte heile garden, medan
Jacob bygsla sin part.
Krist
Jacobsdtr. Tellnes for sin vei og seg med Jacob i Trengereid.
Anders, sonen, som heime var, kjøpt br. nr. 8 og gav
kår til mor og far. Johanna og Jacob, som hadde arbeidd
så godt i lag, budde på garden til sin døyande
dag.
Anders
Jacobsen fekk Elen Margreta Tyssøy til kona. Det var
det beste ein kunne vona. Frå no av var det slik med alt
vart stellt, at framgangen kom på alle felt.
Me
må også koma Ingeborg og Vilhelm på grannegarden
ihug. Dei og deira born synte også stor dug. Velak Vilhelmesen
og Kari Syltøy som etter kom, streva truge, og fylte
godt sine rom.
Me
lyt seia at det er rett. Dei to huslydane etter Johanna Engelsdtr.
er ei og same ætt. Ho set merke etter seg i kyrkja og
skule, vitskap, kunst, i alle yrke. Det er ein veldig styrke.
I
denne stemna det slik seg fell. Me ynskjer ætta i fremtida
heider og hell!
- Norvald Austerheim -
|