Tellnes gamle skule
Klassebilder frå gamle Tellnes skule vises
på elevsidene,
og
elevar som
har gått på skulen vil kunne finna sin klasse her.
Tellnes gamle skule ligg vakkert og idyllisk til inst i Pollen på Tellnes. Her er fredeleg og roleg. Den gamle skuleplassen er framleis omkransa av store bjørker og graner, men det aller største treet er ei kjempediger eik. Skulen var bygd i 1890. Ny kyrkje stod ferdig i Fjell i 1874. Ordet går at skulen på Tellnes vart bygd av materialer frå den gamle kyrkja slik nokre andre skuler i Fjell vart. Dette er det ikkje funne skrifleg prov for. Til skulen vart det sjølvsagt også bygd eit lite uthus, utedo med to rom. Det eine var for gutar og det andre for jenter. Etter krigen vart det utvida med eit påbygg for lagring av ved. Sjølve skulebygningen inneheldt ei skulestove. Frå denne var det inngang til eit lite kammers. Dette fungerte som materialrom, bibliotek og lærerrom. Frå gangen utanfor skulestova førte ei trapp opp på lemen. Denne var delt i to rom, begge med skråtak. K.G. Daae som var lærer på Tellnes i ei årrekje, budde her før han bygde hus sjølv. Vatn måtte ein i førstninga
bera frå ei elv i nærleiken, men i 1950-60-åra vart
det støypt ein tank på austsida av ytterveggen for oppsamling
av takvatn. Vatnet vart filtrert gjennom sand og vart nytta både
til vasking og drikkevatn. Etter at den nye skulen på Tellnes var ferdig, vart ikkje huset lenger brukt som skulestove. I dag er bygningen delvis ominnreidd og har mellom anna vore nytta til barnehage. Kilde: |
Tellnes
nye skule
Skulen sine heimesider
Teken i bruk i 1972